onsdag 25. juli 2012

Ein god morgon = ein god dag!


Hallo alle saman, og velkomne til eit nytt innlegg!

I dag vil eg vise dykk ein enkel måte å auke sjansane for ein god dag; ved å starte dagen på ein grøn måte.

Eg likar å ete sunt, men likevel er eg dårleg på å få i meg nok grønt i kvardagen. Dette hjelper meg å få det til! For å vite meir om kva dei ulike tingene er godt for, sjå gjennom nokre av mine tidlegare innlegg ;)

Det første eg gjer er å lage til ein grøn drikk av 1 glas eple- og mango juice og 1 ss spirulinapulver. Det er VELDIG viktig å riste godt for å unngå å få den kornete eller pulveraktige konsistensen på tunga… denne drikken er ikkje såååå god i smak til å byrje med at du i tillegg skal takle DÉT =P
                    
                 
Så er det gjort! Drikk, drikk, drikk!
                                                    
I tillegg til denne drikken liker eg å ta Chlorella tablettar, og Barleygrass og Açai kapslar. Dette gir meg ein god start på dagen og held meg oppe med ein stabil energi og magen som ein glad liten… humle? Eg veit ikkje, men den e vertfall plagefri!
Eg venter i ca 30 min før eg et noko anna, men når eg først tek dette klarar eg å holde meg frå å ete ganske lenge etterpå. Det krevjas etter kvart mindre mat før éin vert mett fordi kroppen allereie har teke til seg mykje rein næring, men det er ikkje kroppen vant til med ein gong. Gje den tid.
Min frukost i dag: Eple- og kirsebær juice, eggerøre med chorizo, tomat, litt avocado og brød. Happy camper!
Prøv dette dykk også! Kroppen og psyken vil takke dykk i lengda, og for dei heldige, ganske så med ein gong!


Eg må berre dele ein liten ”Londonting” med dykk… 
Dei har alt her, inkludert billige, RÅE, limbare bartar:
 













Kanskje like greitt at dei ikkje har det så lett tilgjengeleg i Noreg? 

Ver glad i deg sjølv, kos deg og kanskje ikkje ta deg sjølv så høgtideleg?
Frå meg til deg - fordi me er verdt det!
Ha ein kongedag!
Jackie