mandag 31. oktober 2011

Endeleg!

Dei siste vekene har vore svært harde for meg. Eg har vore veldig sjuk, og til no er det ingen som finn ut av kvifor. Problemet er lokalisert i magen, og eg vart redd for at det var supermaten eller noko av den som var årsaka. Dette førte til at eg slutta i nokre veker med det, men det har ikkje vore noko betring av det. Difor skal eg att starte med supermat, og gler meg til det!

For om lag ein månad sidan fekk eg alt det nye eg bestilte, og eg er svært fornøyd.
                                                                
                                                        Lucuma:
Bilete av lucuma og -pulver frå Google
Lucuma er ein frukt som veks i dei sørlege delane av Latin-Amerika. Har for det meste vore brukt som søtning og lite medisinsk. Frukta har låg syreinnhald, inneheld lite sukker, er rik på karbohydrat, kostfiber, vitaminar (særskilt B-vitaminar) og mineralar. Frukta vert ikkje ete i sin originale form, fordi fruktkjøttet er tørt og kan minne om hardkokt eggeplomme. Difor vert den mest brukt i pulverform, slik den vert seld.
Eg trudde frukta skulle vere søtare, men den er svært mild, og kan minne litt om nøtter. Er god i yoghurt, smoothies, sjokolade, is, pai… You name it!

Bilete av mesquitepulver frå Google
Mesquite:
Mesquite er eit tre som veks I heile Amerika - sør, nord og mellom. Indianarar brukte blant anna blada til augedropar ved å bruke vatnet dei vart blautlagde i, og har i tillegg verte brukt som mat, brensel, våpen, medisin og kosmetikk.  I dag vert mesquite brukt hovudsakeleg som mat, men mesquitemjøl har verte vist har god effekt på nedsetjing av blodsukkeret.
Den er lysbrun i fargen, og smaken kan minne om mild sjokolade! Sødmen skriv seg frå fruktosen. Eg bruker dette mest i sjokoladelaging.

                                                             Stevia:
Bilete av steviabladar, -pulver og -porsjonstabletter
Stevia er ikkje ein supermattype, men ein søtningserstatning. Stevia er ein grøn urt som er naturleg søt, som viser seg å dempe søthunger, verkar regulerande på blodsukkeret, verkar styrkande og antibekteriell, er vassdrivande og gjev ikkje hol i tennene.
Likevel er stevia i utgangspunktet forbode i sal i Noreg, EU og USA fordi mattilsynet skriv at dei er redd for at stevia kan gjere menn ufruktbare…. Men den er svært populær og heilt lovleg i austen, spesielt i Japan. Eg veit ikkje eg, men eg syntes at stevia er heilt OK. Den har ein liten bismak om éin smakar den rein, men den er svært god i matlaging og i sjokoladar.

Bilete av lecitinpulver frå Google
Lecitinpulver:
Lecithin er heller ikkje i seg sjølv ein supermat, men eit næringsstoff. Kroppen vår kan danne dette stoffet i levera og transporterer det til nervesystemet og til sirkulasjonen. Lecitin er eit fosfolipid, altså ein type feitt. Den skyttar hjernen, nervesystemetog cellene frå antioksidantar. Lecitin som selgast kan kome i pulver- og flytandeform, og vert for det meste henta frå soyabønner.
Lecitinpulveret fungerer i matlaging som ein emulglator - den hjelper å binde saman vatn og feitt. Eg bruker dette i sjokoladelaging og som tilskot i smoothies! Den smaker ingenting eller svært lite, og fungerer godt i alt.



Bilete av agavesirup frå Google
Agavesirup:
Agavesirupen har om lag dei same eigenskapane som agavenektar, som eg har skrive om i tidlegare innlegg. Einaste er at den er mørk i fargen og har ein skarpare smak. Bla deg gjennom og sjå!






Bilete av bipollen frå Google
Bipollen:
Her visste eg ikkje heilt kva eg skulle synast, og er framleis litt forvirra. Eg trudde at det skulle smake meir som honning, men det gjorde det i grunn ikkje. Det ser ut som små frø, og dei er litt harde å tygge. Dei løys seg ikkje opp i væske, og kan verke til dømes som ein crunch-type i sjokolade. Det er ein søt smak på, men eg veit ikkje heilt enno om eg liker den så godt som eg håpa.
Men den er proppfull av goodies! Mange vitaminar og mineralar, feittsyrar og protein samt karbohydrat og lecitin! Forsking viser at bipollen har foryngande eigenskapar, styrker energien, er effektiv mot allergiar, og betrar fordøyingsplagar. Den har også betennelseshemmande verknad og er bra for hjernen og nervesystemet (p.g.a. lecitin). Og det viser seg at tilskot av bipollen aukar oksygenopptaket i kroppen og stimulerer produksjonen av raude blodlekamar.

Eg vil berre nemne at når eg bakar eller lagar sjokolade, liker eg å bruke masse forskjellege søtningar i staden for berre ein type. Det same med mjøl i baking. Og for å bevare næringsstoffa så godt som mogleg; prøv å ikkje varme sjokoladen for mykje (ikkje la det koke!).

Her er ei oppskrift på sjokolade, og fungerer ypparleg som fondue!
125 g kakaosmør
150 g råkakaopulver
3 ss agavesirup
4 ss yaconsirup
1 ts stevia
1 ts mesquite
2 ss lecitinpulver

Smelt kakaosmøret i vassbad og rør inn råkakaopulveret. Tilset deretter søtningane og lecitinpulveret, og smak til slik du vil ha den! Lett som berre det! Skjær gjerne opp frukt og vask frukt og bær godt, og dypp, dypp, dypp! (Gjev om lag 300 g ferdig sjokolade)

Håper at dette innlegget inspirerer dykk til å prøve sjølv! Denne sjokoladen eg sunn og full av godsaker for kropp, sinn og sjel! Fordi me er verdt det.

Ha ei god veke, og hald dykk friske og glade i haustvêret!