torsdag 19. juli 2012

Ny sommar, nytt liv!





   Såååå, her er eg igjen! No har ting endra seg litt:  
     1- Eg har flytta til London!  
   2- Eg har slutta på jobben…
   3- Eg skal byrje å studere psychologi i september og
   4- Eg driver gratis hotell i ein 40kvm liten leilighet =P

Eg har funne meg til rette og græt av glede kvar gong eg går og skal kjøpe meg mat. Det er så mykje billigare med mat her, så eg ser for meg at figuren min kjem til å slite ein smule. Men for all del; Yoga, trening og dans vil nok holde det i sjakk.
Boka "Supermat" av Sara Chako og Trine Berge.
Så vidare vil eg berre gje ein liten hyllest til to matbutikker i London town: Planet organic og Wholefoods market. Her sel dei organisk mat og supermat. Det er nærare norske matpriser… for vanleg mat! (happy dance)
Noko av det beste eg veit av mat er mat eg kan bestemme sjølv kva eg vil ha og korleis eg vil ha det, som tapas eller taco. Så i går inviterte eg min kjære venninne Elisabeth og sin kollega Silje på ”Organic taco noms”! Eg vil no dele den enkle oppskriften på lefsene med dykk. Den er frå Sara og Trine sin ”Supermat” 




Supertortilla:
2 ½ dl fint spelt mjøl
2 ½ dl grovt spelt mjøl
½ ts himalayasalt
1 ts bakepulver
3-5 dl lunka vatn

Miks og la stå i om lag 20 min med plastfolie over seg. Det vert om lag 8 små/medium lefser av dette. Kjevle ut og steik på tørr panne, om lag 1 min på kvar side. VOILA! Sunne tortillas og meir mettande enn dei éin kan kjøpe på butikken; OG, sjølvsagt, mykje betre i smak. Tilbehøret kan vere alt du vil, som tomat, agurk, mais, paprika, kjøtt, ost og meir. Men eg liker best å lage guacamole’en min sjølv:

Jackiemole:
2 avokadoar
1 kvitløksfedd
1/3 fersk chili
Clearsprings solsikkeolje
Salt og pepper etter smak.
Alt i blender, til du oppnår den konsistensen du vil ha. Trallala, deilig guaca!

I dare you! Try it! Så slepper du alt sukkeret, alle ekle e-stoff og tome kalorier, og du får ei kjensle av meistring! Og magen din, huda di, håret ditt og humøret ditt vil takke deg! For vår eigen skuld- fordi vi er verdt det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar