torsdag 18. august 2011

Næring, seier du?




Næringsstoff og Supermat

Supermat er eit omgrep som brukast om matvarer og ingrediensar som inneheldeksepsjonelle og breispektra næringsverdiar i tillegg til medisinske eigenskapar. Desse er gjerne dyrka økologisk i tillegg til at dei ikkje vert utsett for temperaturar over 40 gradar (altså er uprosseserte), slik at alle næringsstoffa er intakte. Mange typar Supermat er frå Asia eller Latin Amerika og har verte brukt i tusener av år av urfolk.I dag seljast dei i form av juice, pulver eller tørka produkt. Slik vert ikkje næringa øydelagd.

For at det skal vere lettare å forstå korleis Supermat er annleis frå vanleg mat, er det greitt å vite om dei ulike næringstoffa og slik samanlikne Supermat med vanleg mat.

Intro i næringsstoff og kvar du finn dei i det norske kosthald

Karbohydrat
Karbohydrat kan delast inn i 3 grupper:
  • ·         Monosakkarid, som fins bl.a. i brus og sukkertøy (glukose), og frukt (fruktose)
  • ·         Disakkarid, som fins bl.a. i allminneleg røyrsukker (sukrose) og mjølk (laktose)
  • ·         Polysakkarid, som fins bl.a. i grønsakar og kornprodukt (stivelse og cellulose)
Jo lenger sakkaridkjeda er, jo lenger tid tek det for kroppen å fordøye det. Dette fører til at blodsukkeret vårt ikkje får så store svingingar og held seg stabilt.
Ikkje alle karbohydrat kan brytast ned av kroppen. Eit eksempel på det er fiber (cellulose), som passerer uendra gjennom fordøyelseskanalen.

Protein
Protein er ei samansetjing av aminosyrer. Nokre lagar kroppen sjølv, andre får den frå matvarar og kallast essensielle aminosyrer. Kroppen vår er bygga opp av protein. Difor vert dei kalla ”kroppens byggjeklossar”.
Protein fins bl.a. i kjøtt, fisk, egg og mjølk.

Feittstoff
Mange matvarer som er ein normal del av det norske kosthaldet inneheld feittstoff. Me kan dele dei inn i to hovudgrupper:
  • ·         Umetta feitt, som fins i fisk (spesielt laks og makrell) og planteoljer.
  • ·         Metta feitt, som fins i store mengdar i bl.a. kjøtt (spesielt ferdigmat) og meieriprodukt.
Kolesterol er også ein type feitt, som er mykje skrive om i dag. Egg er den største kjelda for kolesterol, medan frukt, grønt og kornprodukt inneheld generelt lite feitt.

Høgt inntak av metta feitt gjev bl.a. høgare risiko for hjertesjukdommar og enkelte kreftsjukdommar, medan fleire formar for umetta feitt ser ut til å beskytte mot slike sjukdommar.

Vitamin
Vitaminar kan delast i to grupper, vassløyslege og feittløyslege, og har ulike funksjonar.
  • ·         Vassløyslege vitamin
-          Vitamin B1 (Tiamin): Fins i mange matvarer og har som funksjon å bryte ned glukose
-          Vitamin B2 (Riboflavin): Fins også i mange matvarer og fungerer som ein energiomsetjar
-          Vitamin B6 (Pyridoksin): Fins i mange matvarer og omsetjer aminosyrer
-          Vitamin B12 (Cyanokobalamin): Fins i kjøtt og meieriprodukt, og har ein funksjon i nukleinsyresyntesen
-          Folinsyre: Fins i frukt og grønsaker, og har same funksjon som Vitamin B12.
-          Vitamin C: Fins også i frukt og grønsaker, og har ein funksjon i syntesen av kollagen.
  • ·         Feittløyslege vitamin
-          Vitamin A: Fins i feit fisk. Regulerer proteinsyntesen og har ein funksjon i sansecellene i auga
-          Vitamin D: Fins i feit fisk og i solstrålene. Den regulerer kroppens kalsiuminnhald.
-          Vitamin E: Fins i grønsaker, og fungerer som ein antioksidant.
-          Vitamin K: Fins i grønsaker, og er med å produsere koagulasjonsfaktorar. 

Sporelement
Eit sporelement er eit grunnstoff som kroppen må tilføre i små mengder. For store mengder gjev forgifting, medan for små mengder gjev mangelsjukdommar.
-          Jern: Fins i kjøtt og kornprodukt, og har ein funksjon i dei raude blodcellene i tillegg til å inngå i mange protein
-          Jod: Fins i sjømat, og inngår i hormonet tyroksin
-          Kopar: Fins i kornprodukt, og inngår i visse protein
-          Krom: Fins i kornprodukt og innmat, og inngår i visse protein
-          Sink: Fins i kjøttmat, og inngår i visse protein
-          Selen: Fins i kornprodukt, og inngår i protein med antioksidant effekt

Det som er med alle desse næringsstoffa, er at jo meir me varmebehandlar dei (til dømes ved koking, steiking og liknande), jo meir mistar dei sine eigenskapar. Ein tek gjerne mat med mykje næring i, men etter éin er ferdig med å tilberede det er det ikkje mykje av det som er intakt. Slik får ikkje kroppen i seg tilstrekkeleg næring. Sidan Supermat ikkje er prossesert, er det mykje lettare å innta alle næringsstoffa dei inneheld, slik at små mengder held lenge! 

I neste innlegg skal eg referere til Supermat i ein grundigare form, med døme og forslag til bruken av dei.

1 kommentar:

  1. Hei Jackie!

    Fin post! =) Veldig lærerikt med ei kortfatta og informativ oversikt over forskjellige næringsstoff. Gleder meg til du skriv meir om supermat =)

    SvarSlett