Dette er min første blogg, og eg har mykje på hjarta! Det er mange ulike tema eg gjerne vil skrive om til dykk, og håper at det fallar i smak hos dei som les dette.
Eg har kome over noko som endra livet mitt mykje. Høyres svært spirituelt ut når éin seier det slikt, men for å vere ærlig så kan det jo sjåast på den måten også. Nemleg - Supermat. For dei som ikkje veit kva det er, så kjem det innlegg om det også etterkvart.
Andre tema eg vil ta opp er psykologiske, og andre att er generell helse og velvere. Eg håpar på at det kan vere til hjelp for nokon, at det vert inspirasjon for andre, og at den siste delen av dykk som er innom kun synast det er greitt å lese og sjå gjennom.
Me er alle ulike, og det som verkar på ein vil kanskje ikkje fungere på andre. Så difor står respekt og forståing sentralt her, og håper de som les og evt skriv her er med på det.
- Litt om meg -
Eg er ferdigutdanna sjukepleiar, med ein interesse for psykologi. Så stor er den interessen, at eg faktisk har søkt meg inn på eit universitet i London, og startar ved City University hausten 2012. Eg er glad i å reise, glad i å lage mat og å gje den til alle som vil ha! I det siste har eg også, som nemna, endra kostholdet mitt noko, som har forbetra livet mitt mykje, spesielt på psyken!Eg er glad i mote og velvere, artiklar som ikkje er testa på dyr, trening, dans og yoga. Venner og familie står meg svært nær, og er absolutt ein stor årsak til mine gleder. Eg er filmoholiker og klarar ikkje å vere ein dag utan musikk. Eg har sjølvdiagnostisert meg med "danse-Tourettes" som ikkje kan kontrollerast når musikken tek overhand i sjela.
Grunnen til at eg ville starte å skrive blogg var for å formidle vidare ei viktig lekse; alle fortener å ha det godt. Etter mange år med "issues" og depresjon har eg insett at det ikkje er egoistisk å tenke på seg sjølv, éin treng ikkje drama i sitt liv og éin treng ikkje å ta andres sorgar for at dei skal ha det godt. Vi fortener å gjere oss sjølve godt - fordi vi er verdt det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar