tirsdag 27. september 2011

Ein sprettande sunn dag!

God kveld, alle saman! Håper de har hatt ei god helg, og at de er klare for å gjere den nye veka verdt det!

På måndag var eg på sjukepleiarjobb frå 7:30 til 15:00. Og til min manns forskrekkelse har eg store problem med å ete medan eg er på jobb. Difor er det viktig med ein god frukost!

Det første eg gjer når eg står opp er å drikke eit glas med kaldt vatn og ta mine spirulinatablettar. Etter natta er kroppen uttørka og treng påfyll med alt det gode naturen har å by på! Ved å tilføre den spirulina bidrar det til påfyll av klorofyll, , kalsium, jern magnesium, fosfor, kalium, natrium, sink, kopar, mangan, krom og selen; i tillegg til vitamin C, A og E, B1, B2, B3, B5, B6, folat, betakaroten…! For å ikkje snakke om aminosyrer som er byggjeklossane til proteina og vidare byggjeklossane til kroppen. 
Vidare, etter eg steller meg, lagar eg meg ein smoothie med supermattilsetjing. Dette varierar mellom kvar gong for å ikkje verte lei, og eg tek ikkje mange tilsetjingar om gongen. Då eg gjorde dette førte det til at smoothien fekk ein rar, pulveraktig konsistens som var… ugg. Eg kan lage ein smoothie med t.d. blåbær, mango og appelsinjuice, og tilsetje t.d. 
Maca (Google)

Maca:  
Maca vert referert som ”peruansk gingseng”, sjølv om den ikkje er i slekt med den originale ginsengen. Den har mange av dei same verknadane som ginseng: auker sexlysta, demper menstruasjons- og overgangsalderplagar, aukar energien og uthaldet. Det viser seg også at rota kan ha god effekt på søvn og humørsvingingar. Den påverkar også stoffskiftet og energinivået vårt, og er difor SVÆRT VIKTIG AT DE STARTAR FORSIKTIG MED MENGDA - ½ ts i ein smoothie er meir enn nok å starte med. Du kan verte svimmel og oppleve ein intens varme i kroppen om du ikkje er vant med den! Og den smaker i grunn litt vondt. Ta litt og litt, og ven deg til smaken. Den er verdt det!

Chlorella (Google)

Chlorella: 
Grøn alge. Rik på aminosyrer, vitamin A og C, B1, B2, B3 og B12, jern, kalsium og klorofyll. Den er kjend for å styrke immunforsvaret, redusere blodtrykket, redusere kolesterolnivået, kan innehelde komponentar som motverkar kreft, og verkar rensande på kroppen.
Grønfargen er ikkje like djup som Spirulina, men er likevel svært mørk. Den smaker mykje, så det er lurt å starte smått med tilsetjinga og heller verte vant med den før éin aukar mengden.




Chia (Google)

Chiafrø: 
Dyrka av aztekarane, er dette frøet verte brukt leeeeenge. Dei inneheld mykje feittsyrer (om lag 3 x så mykje som andre typar frø), spesielt omega-3 og -6. Feittsyrene hjelper kroppen å ta opp vitamin A, D, E og K, og verkar senkande på blodtrykket. Dei inneheld også protein og mykje kalsium. Proteina i frøa er svært lette for kroppen å ta opp, som gjer dei spesielt eigna til utvikling av musklar og vev. Frøet har ein enorm vassabsorberande evne! Dette gjelder også i kroppen vår, som hindrar dehydrering og aukar forbrenningstida på komplekse karbohydratar.


Hampfrø/Hampproteinpulver:   
Som skrive før ( http://verdtdet.blogspot.com/search?updated-max=2011-09-18T09%3A47%3A00-07%3A00 ), viser det seg i dag at hamp reduserer kolesterolnivået, verkar mot tarmparasittar og er betennelsesdempande. Den aukar blodsirkuasjonen, inneheld store mengder omega-fettsyrer og protein, som fører til ein jamn balanse i energinivået vårt i haupet av dagen. Frøet har ein mild nøtteaktig smak. Du kan få den med og utan skal. Eg føretrekk dei utan skal på konsistens og smak, men klarar meg fint med det med skal - crunchy!
Hampprotein pulver (Google)

 Pulveret liknar er lysegrønt, og smakar svært lite. Den inneheld mykje protein; om lag 48%, og vert lett teke opp i kroppen. Det er eit godt alternativ for glutenallergikarar og for dei som ikkje ønskjer å ete kjøtt.









Eg vil anbefale å bruke 1-2 tilsetjingar om gongen i starten. Prøv å unngå å bruke sitrusfrukt/juice i smoothien når du bruker alger som tilsetjing. Dette kan nullstille effekten av algene. Yoghurt kan nedsette effekten av algene, så viss du vil ha smoothien tjukkare, kan du heller bruke banan! Namnam!

Vidare på jobb var eg usedvanleg LITE flink med å ete, noko som ikkje er i det heile tatt positivt for kroppen! Fordøyingssystemet senkar seg og vert øydelagt i lengda, kroppen går på tom energi, du kan verte svimmel og kvalm OG du vert altfor svolten på slutten av dagen, slik at du et meir enn nødvendig, ekspanderer magesekken og legg lettare på deg pga den senka fordøying. Lurt? NEI!

Til middag hadde me lite supermat, for å variera litt (men det var framleis heimelaga, sunn mat!). Døme på oppskriftar på supermatrettar/supermiddag kjem!

Så var det til dagens trim! 1 time med Zumba, der eg vel høg intensitet nesten heile vegen, får hjarta og kroppen til å jobbe! Så, heim å dusje og så - VELVERE!
På med heimelaga ansiktsmaske (passer for alle!). Den laga eg av varmt vatn og nori alge (den algen som er rundt sushimakiene)! Legg algearket og trekke i varmt vatn i ca 3 min. Gni den så utover ansiktet. Den smuldrar på ein måte opp når du tar den på. Vent til det tørka, og vask av!

Noriark (Google)


Nori: 
Ein japansk alge, brukt på mange forskjellege måtar. Den inneheld mykje jern, kalsium, fleire vitamin, blant anna vitamin A, B, C og E, og jod, protein, fiber og karoten. Den er bra for immunforsvaret, fordøyinga, hud og senker høg, arveleg  kolesterolnivå. Lukter den sjøvatn? Ja! Men DET tåler me!



Så var det på med toner til fleisen. Denne er også heimelaga, laga av råris og vatn! Fyll ei lita bolle til midten med ris. Hell på kaldt vatn, til den er ca 2-3 cm over risen, og rør godt. La risen trekke, til vatnet er ”cloudy”. Hell så vatnet over i ein dispenser etter eige ønske, slik at du kan ha den over litt tid. Når dette er klart: ta litt av vatnet på ein bomullspad og ta da på ansiktet!  Og la det lufttørke. Ta på ønska ansiktskrem til slutt. Ansiktet mitt vart skikkeleg deilig!

Begge desse heimelaga ansiktsbehandlingane er henta frå Michelle Phan si youtube side! Ho har skikkelege flotte videoar, så anbefalar dykk å sjå litt på dei! 
http://www.youtube.com/user/MichellePhan

Det er viktig for ein sjølv å ta vare på kroppen sin. Det er altfor mange som går rundt i livet og føler seg dårleg i sin eigen kropp. Det beste og det verste med det, er at det er heilt opp til ein sjølv å vende om! Så kom igjen; ta vare på kroppen din, spis godt og bli kjent med deg på nytt! Fordi me er verdt det. Alle saman.

Ha ei god veke!

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar