søndag 18. september 2011

Søtt og godt?


Bilete frå Google
Å kutta ut sukker er ein vrien ting å gjere. Om du tar deg tid til å lese bakpå alle matvarene du kjøper i butikken, kan du sjå kor mykje sukker du får i deg på skjult vis! Det er svært irriterande for folk som meg, som faktisk har klart å kutte dette ut.

Det sagt, er det ikkje heilt rett å seie at éin har kutta ut sukker. Sukker fins også naturleg i frukt og bær, så det som er riktig å seie er at eg har kutta ut raffinert sukker. Raffinert sukker er det kvite sukkeret som seljast og brukast i altfor masse av maten me tek inn. Dette sukkeret kjem frå sukkerrøyr, der sukkerrøyret si saft vert ekstrahert, tørka og knust. Hadde det berre vore så lett hadde dette sukkeret vore greitt. Etter denne prosessen, og det kjem an på temperaturen sukkeret vert tørka på, vert dette sukkeret kalla rårørsukker eller demerara sukker. Mange vil ta feil av desse og brunt sukker, som me vil kome tilbake til.
Rårørsukker er eit sunnare alternativ til sukker, men for meg har det etter kvart fått dei same negative verknadane som kvitt sukker. Kvitt sukker har vert prosessert vidare enn rårørsukker, under svært høge temperaturar og undergår ein del kjemiske prosessar. Raffineringa går så langt at det ikkje gjenstår noko næring, berre haugevis av raske karbohydrat og kaloriar. Dei raske karbohydrata påverkar blodsukkeret negativt, og éin kan oppleve humørsvingingar og hyperaktivitet. Klagar du på at barnet ditt er ”vill og gal” og du gjev han kake eller godteri? Prøv å kutt dette ut, og sjå effekten av det!
På grunn av denne påverknaden, tappar sukker kroppen vår for nødvendige vitaminar, mineralar og næring! Dette kan blant anna gjere deg deprimert, aggressiv eller rett og slett utslitt. Dette kan også føre til svekking av immunforsvaret og beinskjørleik.

Som nemna over, kan ofte brunt sukker tenkast å vere sunnare enn det kvite, raffinerte sukkeret. FEIL! Ofte er brunt sukker det same som kvitt sukker. Einaste forskjellen er at molasse, som fins naturleg i sukker, men vert fjerna under raffineringa og øydelagd, vert tilsett att for å gje farge og smak.

Anita frå superlivsstil har skrive ein inspirerande artikkel om korleis verte sukkerfri. Den kan du lese her: http://superlivsstil.net/wp2/2011/01/hvordan-bli-sukkerfri/

Så, kanskje du spør deg sjølv: lever denne personen eit kjedeleg, søtlaust liv? Wrong again, my friend! Eg lagar mykje, om ikkje all mat sjølv heime. Slik har eg større kontroll på næringa eg får i meg samanlikna med viss eg kjøper ferdigbehandla mat eller halvfabrikata. Eg lagar mykje søtt og godt også, berre med andre søtningar enn sukkeret som Noreg har misbrukt.

Desse er dei eg brukar mest:
Bilete av Yacon sirup frå Google
Yacon sirup
Sirupen kjem frå ein potetliknande grønsak frå Peru. Den er mørk brun i fargen, og har ein svært søt, karamellaktig smak. Den er veldig god i sjokoladelaging! 
Sirupen kan ikkje takast opp i kroppen, fordi den inneheld sukkeret FOS (frukto-oligo-sakkarid) som ikkje let seg fordøye! I tillegg inneheld den store mengder kalium og antioksidantar. Den er god for fordøyelsen, og er god å bruke for diabetikarar fordi den ikkje påverkar blodsukkeret. Forsking viser at dagleg inntak av sirupen kan bidra til vektreduksjon, at den har antibakteriell verknad og skyttar levera. Eg er svært nøgd med yacon sirupen frå gojiking.

Bilete av Sukrin melis frå Google
Sukrin melis
Sukrin er ein sukkererstatning som ikkje inneheld kaloriar, har 0 i GI (glykemisk index), er tannvenleg og er 100% naturleg (sukkeralkohol). Den har ein spesiell smak, og held seg alltid kald! Den kan minne om dei godteria som dei selde då eg var liten - sukker/melisliknande stoff i norke røyr med ulike fargar og striper! Nostalgi på høgt nivå her, men det er det det minnar om!
Sukrin sukkeret liker eg ikkje å bruke, fordi det ikkje løyser seg opp i det du blandar det i. Difor bruker eg heller melisen, som løyser seg betre opp. Eg brukte det som vanleg melis i glasur på sjokoladekaka, og det såg ut som mørk fløyel då det stivna!



Bilete av Agavenektar frå Google
Agavenektar
Nektaren kjem frå ein kaktusplante i Mexico (som er den same dei lagar Tequila av!). Den er lys i fargen, kan til og med vere heilt blank, og smakar litt som mild honning! Eg bruker den i sjokolade og baking.
Den inneheld kalsium, kalium, magnesium og jern. Den har ein låg GI på ca 20, og reknast som ein god sukkererstatning for diabetikarar og viss du vil prøve å gå ned i vekt.



Bilete av Palmesukker frå Google
Palmesukker
Palmesukkeret er sukkeret eg bruker mest! Eg har rett og slett erstatta raffinert sukker med palmesukker og er kjempenøgd! Sukkeret kjem frå kokospalmen, er brun i farge og har ein fyldig, karamellaktig smak. Svigermor meinte også det er eit lite hint av tobakksmak også der, men eg veit ikkje heilt, hehe.
Palmesukker har ein låg GI, ca 30, og inneheld 17 aminosyrer, mineralar (spesielt kalium, magnesium og sink), vitamin (spesielt vitamin B og C) og 82% inulin; "mat" for de gode tarmbakteriene og er derfor svært gunstig for både fordøyelse og immunforsvar.

Vidare for meg skal eg prøve mesquitepulver, bipollen, stevia og lucuma! Skal gje dykk eit lite innlegg om desse når eg får prøvd meg litt fram ;)


Lurer du på korleis det er å verte sukkerfri? Prøv det i nokre veker, og prøv å ete sukker etterpå! Du vil garantert kjenne ein forskjell. Eg var totalt sukkerfri i 2 veker før påske. I påsken tok det av med sjokolade og godteri - eg vart svimmel og usannsynleg dårleg og slapp! Eg kjente ein avhengighet også, som tok tid å verte kvitt, spesielt i form av brus. Etter dette kutta eg det heilt ut att, og er svært nøgd. Depresjonen er svært lite på besøk, og immunforsvaret mitt er på veg opp, har gått ned i vekt og har framleis store planar om å trene fast ;)
Prøv det du også! 

Pass på helsa, og lukke til!
Fordi me er verdt det.

1 kommentar:

  1. Veldig artig å vite at det fins alternativ til kvitt, raffinert sukker. Eg hadde ikkje ein gong høyrt om yacon sirup og FOS.

    Eg har byrja å bruke honning for å søte havregrauten mens eg lagar den. Men bruker fremdeles å strø sukker på toppen... heh :P

    SvarSlett