søndag 2. oktober 2011

Sunn middag?


For å vere imot dyreplageri og liknande, er eg litt for glad i å ete dyr… Til tider skammar eg meg, for å vere ærlig, samtidig som eg ikkje er motivert til å verte vegetarianar (sidan eg er så kresen og liker nesten ingen grønsakar). 

Det som er verte viktigare for meg dei siste bevisste månadane, er at dyret eg et ikkje skal ha lidd i levande tilstand. At dyret er frå Noreg aukar sjansene for at dette stemmer, så då er merket ”Nyt Norge” eit betre alternativ og ein betre sunnleiksindikator for meg enn det ekle ”Nøkkelhullsmerket”, fordi også råvarene er "lokale". Nøkkelholsmerket er berre tull, spør du meg! At mat med dette merket skal indikere eit sunnare alternativ, treng ikkje bety at dette er noko éin skal ta for god fisk - nøkkelhulls Grandiosa? Jaja…

Mange som prøver å gå ned i vekt vel også mat med lågt feittinnhald, t.d. kjøttprodukt av den magre typen. Berre slutt med dette med ein gong, folkens. Når kroppen får så lite feitt over lenger tid, vil den automatisk lagre på all feittet du et, fordi den trur at det er det einaste den får! Slik legger du på deg, sakte, men sikkert.
Anyway; korleis lage ein sunn og smakfull middag? Jo, no skal du høyre ;)

Eit døme er ”raudstekt kylling”. Eg har henta oppskrifta frå boka SUPERMAT av Sara Chacko og Trine Berge, og gjort den om litt.


Ein porsjon med middag


- 4 kyllingfiléar
- Ca 4 ss raud palmeolje
- 4 kvitlauksfeddar
- 1 ts raspa appelsinskal
- Salt & pepper
- Estragon 







Ta oljen på panna, skjær kvitlauken slik du vil ha den, rasp appelsinskal og tøm alt dette oppi olja. Varm denne opp. Deretter legg du kyllingen på, tilset salt, pepper og estragon etter smak. Skru ned varmen, og steik til gjennomsteika.

Ved sida av hadde me råris, hovudkålsalat (skjært i små, tynne strimlar og tilset sitron, olje og salt etter smak) og kyllingsaus. Evt kan du velge å ha hampfrø oppi salaten for ein ekstrasuper middag!

Kyllingsausen:
1 dl kyllingkraft
2 dl fløyte
1 ts grov sennep
1 ss soyasaus
2 ts maizena eller kokosmjøl
Salt & pepper

Jobb deg nedover, tilset maizena/kokosmjøl til ønska tjukkelse og smak til med salt og pepper.
Til dessert kan éin også ha SJOKOLADE-BANAN COOKIES! Grunnoppskrifta er teke frå Anita frå superlivsstil.net, men eg laga dei utifrå kva eg hadde og likar. Gå her for å sjå hennar oppskrift med nøtter og fleire tilsetjingar: http://superlivsstil.net/wp2/2010/10/sjokolade-banan-cookies/

                     Sjokolade-banan cookies:
Ferdiglaga cookies!

2 bananar
2 egg
2 ss smelta kokosolje
3 ss palmesukker
3 ss rått kakaopulver
2 ss kokosmasse
1 stor ss kokosmjøl

2 ss yaconsirup
1 ss lucumapulver
1 ts bakepulver
1/2 ts vaniljepulver
1/2 ts salt


Knert bananane til gugge, tilset egg og visp godt. Jobb deg så nedover, og smak gjerne til med søtning etter behov. Det vert noko mellom røre og deig. Plasser runde klattar av denne på bakepapir med to spiseskeiar i størrenlen du sjølv ønsker, og steik ved 180 gradar i omlag 30 min.


Viss du nettopp har starta med supermat, er det ikkje sikkert at du har alle desse tinga. Difor seier eg: prøv deg fram!! Det er like godt i smak som det usunne, berre at dette er godt for både kropp og sinn!
Håper dette kan inspirere! Ver gode, ver sunne! Fordi me er verdt det.

Lukke til!

1 kommentar:

  1. Flotte oppskrifter! Eg spiste middag for ikkje lenge sidan, men denne bloggposten gjorde meg sulten igjen... Spesielt på den desserten!

    Kjempebra at du har brukt bilete som du sjølv har tatt!

    SvarSlett