fredag 16. september 2011

Mine yndlingsar

Beklagar så sein post etter post nr 2! Ferie og ny jobb er årsaka. Fy, skamme seg. Men her er den, som lova:


Supermat; Urfolk mat
Som nemna tidlegare post, er ”supermat” matvarar og ingrediensar som inneheld eksepsjonelle næringsverdiar i tillegg til medisinske eigenskapar. Omgrepet er ganske nytt, som vidare fører til både nysgjerrigheit og skepsis.
No vil eg berre understreke at supermat verkar for MEG. Det er ikkje sikkert at det verkar for deg eller har same effekt på deg som på meg. Difor er dette så spennande! Éin må rett og slett prøve seg fram.

Mine yndlings supermat (enn så lenge) er følgjande:
          Råkakao og kakaosmør
Råkakao har eksistert så lenge, at det er skammeleg kva som vert gjort med den i dag. Ja, den er god, men alle dei gode tinga ved den er øydelagde! Proppfulle av e-stoff og raffinert sukker, og varmebehandla til det punktet at det ikkje lenger er sjokolade. Den einaste grunnen til den gode kjensla éin har etter å ha spist sjokolade kjøpt frå butikk, er sukkerkicket, som er i grunn helseskadeleg.
Råkakao er proppfulle av flotte ting:
Magnesium, som skyttar hjerta, aukar hjernekapasiteten, verkar avslappande på musklar (og menstruasjonssmerter) og hjelper å styrke skjelettet.
Krom, som balanserer blodsukkeret.
Sink, som bidrar til flott hud og styrker immunsystemet
    Råkakao har stor konsentrasjon av antioksidantar (meir enn blåbær, raudvin, gojibær, grapefrukt og açai -   TIL SAMAN!), som skyttar hjernen og vårt DNA frå angrep frå frie radikalar.
    I tillegg til dette inneheld råkakao mange stoff som aukar lukkekjensla!
Kakaosmør har mykje av dei same verknadane som råkakao. Forsking viser at kakaosmør også bidrar til å redusere stress, styrke immunsystemet og til og med redusere moglegheita for kreft. 
Med desse to, pluss søtningar og evt. bær, lagar eg min eigen sjokolade.



                                                                                                 Spirulina
Spirulina er ein alge som har verte brukt mykje i Afrika og Sør Amerika som kosttilskot i mange 100 år. Algen har ein sterk og djup grønnfarge, som indikerer store mengder klorofyll. Dette er plantas DNA, og liknar på vårt. Difor bidrar algen til å redusere anemi (blod- / jernmangel). I tillegg bekjemper den bakteriar, motverkar allergiar og har positiv effekt på diabetes og på hud, hår og negler. Den har også vist seg vitskapeleg å styrke immunforsvaret under stråling og cellegiftskurar. Idrettsutøvarar rapporterer også at algen aukar energinivået og uthaldet.
Algen vert solgt tørka og pulverisert, og har verken god lukt eller smak. Difor vel eg å få det i meg i kapselform (kapsel med pulver inni), i staden for å blande pulveret i juice eller smoothies.

                                                                                              Hamp (hampfrø, hampmjøl, hampprotein)
Hampfrø kjem mest sannsynleg frå Sentral Asia, og har verte brukt i meir enn 10 000 år! I dag viser det seg at hamp reduserer kolesterolnivået, verkar mot tarmparasittar og er betennelsesdempande. Den aukar blodsirkuasjonen, inneheld store mengder omega-fettsyrer og protein, som fører til ein jamn balanse i energinivået vårt i haupet av dagen.



          Gojibær
Gojibæra er frå Kina, Mongolia og Tibet. Dei ser ut som raude rosinar, og smakar litt som fiken! Dei inneheld massevis av antioksidantar, meir vitamin C enn appelsiner, meir betakaroten enn gulrøtter og ”tonnevis” av aminosyrar, mineralar og sporstoff. Dei har fått kallenamnet ”frukten for det lange liv”.
Dei gjev kroppen så mykje næring at den kan lekja seg sjølv, styrker kroppens vitale organ ved å bidra til å balansere blodsukkeret, betra lever- og fordøyingsfunksjonen, og gje næring til huda.
Desse gomlar eg på når eg har heime, som med rosiner. Nomnom.

Himalaya salt
Saltet kjem frå Pakistan og er smårosa! Trine og Sara anbefalar Himalayasalt frå Creative Nature, som er utvinna for hand, og ikkje med sprengstoff eller kjemisk. Fordi saltet ikkje har verte gjennom ein raffineringsprosess, har saltet framleis sin originale kjemiske struktur. Vanleg bordsalt består av 97,5% isolert og rensa natriumklorid (NaCl) som tørkast ved ekstreme temperaturar og øydelegg den naturlege strukturen. Dette fører til at vanleg bordsalt ikkje går utav kroppen slik som Himalayasalt vil gjere, og skapar blodårar og nyrer. Å bytte til Himalayasalt er kanskje ikkje så dumt? Som sjukepleiar har eg forstått at det er betre å førebyggje enn å behandle!
Dette saltet brukar eg som vanleg bordsalt, i mat og baking

                                                                                              Raud palmeolje
Det har vore mykje i media om den slemme palmeolja. Eg berre seier det; alt med måte! Den raude palmeolja skil seg litt ut, men det tydar ikkje at me skal bruke den i haugevis.
Raud palmeolje skil seg ut frå alle andre typar olje fordi den inneheld 50% metta feitt, 40% umetta feitt og 10% fleirumetta feitt. Den inneheld bl.a. karotenoidar, E-vitamin og antioksidantar.




                                                                                      Kokosolje
Kokosolje vart tidlegare vurdert som lite nyttig, fordi den inneheld mykje metta feitt. Forsking viser at all metta feitt er ikkje likt, og at kokosolje har mange nyttige eigenskapar. Forsking viser at ved å erstatte andre typar matoljar med KALDPRESSA kokosolje kan éin få betre forhold mellom HDL- og LDL-kolesterolet (der HDL-kolesterolet er det me ikkje likar!). Olja kan også verke antiviral  (altså motverke virusinfeksjonar) og antibakteriell, og kan redusere risiko for hjerte- og karsjukdommar.
Olja er stiv i temperaturar under 18 gradar, og er då kvit i farge. I flytande form er den blank. Eg bruker dette mest i baking, ettersom eg ikkje er så glad i kokossmak. Men den verkar super i både mat og baking!
Desse er supermat eg bruker ofte. Sidan eg kutta ut raffinert sukker har eg hatt det mykje betre med meg sjølv, ikkje berre i samveten, men også fysisk og psykisk. Depresjonen er dempa betrakteleg mykje og eg har meir energi. Og dette førte til at eg lagar mykje mat og godis sjølv heime, med råvarar eg kan stole på. Supermaten min kjøper eg på internett - for det meste frå England - www.gojiking.co.uk. Andre anbefaler også www.iherb.com, frå USA. I tillegg, viss det er ting eg berre MÅ ha, akkurat NUH, bruker eg matvarebutikken Kinsarvik her i Bergen. Men det skal seiast at prisane her i Noreg, samanlikna med t.d. England = ouch!

Mykje inspirasjon og oppskriftar er henta frå andre bloggarar, som
Anita og heimesida http://superlivsstil.net/
Silje og heimesida http://siljesreise.com/
Anette og heimesida http://mjuuugly.blogg.no/

Sidan eg også er ganske ny på dette område, er det viktig å starte smått og la seg inspirere. Eg kjøpte boka ”Supermat” av Trine Berge og Sara Chacko, og klarar ikkje å legge den frå meg!
Eg har nettopp bestilt litt meir og nytt supermat frå www.gojiking.co.uk. Eg gler meg til å få pakkane og eksperimentere vidare! Eg skal oppdatere dykk i korleis dei er.

Hugs! Mat skal ikkje berre vere nødvendig eller lett; det skal også vere gøy, koseleg og skal nytast! Lukke til - ver sunne! Fordi me er verdt det.

1 kommentar:

  1. Wohooo! Supermat! Bra jobba med bloggen :) Jeg liker at nesten alle dine favoritter er mine favoritter :) Katrine

    SvarSlett